I dag, ein heilt vanleg måndag, vart eg gripen av eit uvanleg menneske.
Eg og syster mi var ute og vandra på Torgallmenningen, kjøpte litt julegåver og åt litt mat. Eg skulda henne penger, og gjekk inn på 7-11 for å ta ut pengar.
Like ved inngangen sat ein mann i rullestol.
Eg har blitt vant til tiggarar i rullestol, det er ganske mange av dei i byen, dei fleste er frå Aust-Europa. Mannen var veldig tynn, og i det eg gjekk inn døra synst eg at eg høyrde at han mumla svakt og kraftlaust: "...kan ikkje de kjøpa litt mat til meg...".
Eg var ikkje sikker, og undra meg ei stund på det, han var så lik alle austeuropearane at det var slett ikkje sikkert at det var norsk han hadde snakka. Men, om det var mat han ville ha, så skulle han få det anten han var norsk eller austeuropeisk, å la folk som ber om mat gå svoltne er nesten litt for gale, tykkjer eg.
Eg gjekk ut att og såg etter han. Han sov. Eg lurte på å gå forbi. Men nei, han var så tynn og bleik, han trengde verkeleg mat. "Orsak... har du lyst på ein youghurt?" spurde eg, og heldt fram ein TINE med melon. "Ååå, takk skal du ha, dette skal bli godt, eg har ikkje ete sidan torsdag!" seier mannen med nytt liv i ansiktet. Med innhule kinn og skjelvande hender byrjer han å opne loket. "Torsdag?!" seier eg forferda, "det er lenge det... vil du ha noko meir?"
Han ville ikkje det, men spurde om hjelp til å brette ut skeia. Kva som gjer at denne mannen har hamna så langt utanfor velferdssystemet veit eg ikkje, men han var i alle fall heilt tydeleg ufør. Nesten ingen styrke i dei skjelvande fingrane, og augene virra så eg ikkje visste om han såg meg. Men noko så takknemleg for ein stusseleg youghurt har eg ikkje sett i mitt liv. 12 kroner kosta det.
Eg fekk ein augneblink lyst til å seie til han at Gud elska han, men tenkte der og då at det nesten måtte følast som eit hån. Lett for meg å seie, med 20 kilo meir på kroppen, ein varm ullgenser og DVDar til 300 kroner i posen frå Platekompaniet. Men kanskje hadde han blitt glad for å høyre det? Ikkje veit eg, for eg sa det ikkje. Men inni meg kjende eg at eg trudde det var sant - kvifor skulle eg elles få SÅ vondt av eit menneske eg ikkje i det heile kjenner, når eg veit at det finst tusenvis av slike tilfelle?
Dagens utfordring:
Finn eit menneske som treng ei hjelpande hand, som du ikkje forventar noko tilbake frå, som du kan glede. Det finst mange av dei, og det treng ikkje vere vanskeleg å gjere dagen deira litt betre. Gamle, narkomane, fattige, einsame, uføre og ulukkelege menneske er verkelege menneske dei òg, med dei same kjenslene og ønska om å bli sett som ressurssterke menneske. Sjå dei.
mandag 16. november 2009
onsdag 4. november 2009
Man in Black
Well, you wonder why I always dress in black,
Why you never see bright colors on my back,
And why does my appearance seem to have a somber tone.
Well, there's a reason for the things that I have on.
I wear the black for the poor and the beaten down,
Livin' in the hopeless, hungry side of town,
I wear it for the prisoner who has long paid for his crime,
But is there because he's a victim of the times.
I wear the black for those who never read,
Or listened to the words that Jesus said,
About the road to happiness through love and charity,
Why, you'd think He's talking straight to you and me.
Well, we're doin' mighty fine, I do suppose,
In our streak of lightnin' cars and fancy clothes,
But just so we're reminded of the ones who are held back,
Up front there ought 'a be a Man In Black.
I wear it for the sick and lonely old,
For the reckless ones whose bad trip left them cold,
I wear the black in mournin' for the lives that could have been,
Each week we lose a hundred fine young men.
And, I wear it for the thousands who have died,
Believen' that the Lord was on their side,
I wear it for another hundred thousand who have died,
Believen' that we all were on their side.
Well, there's things that never will be right I know,
And things need changin' everywhere you go,
But 'til we start to make a move to make a few things right,
You'll never see me wear a suit of white.
Ah, I'd love to wear a rainbow every day,
And tell the world that everything's OK,
But I'll try to carry off a little darkness on my back,
'Till things are brighter, I'm the Man In Black.
-Johnny Cash

tirsdag 27. oktober 2009
Mindre åleine
Bergen har vist seg frå ei blidare side dei siste tre vekene. Det set eg pris på.
I dag vandra eg rundt i byen etter siste seminartime og berre kika. På menneskja, på havet, på byen, på fjella og på trea som klamrar til seg dei siste oransje, raude, gule og brune blada som forlet dei i takt med at dagane vert mørkare. Ein megafonseljar smilar til meg på Torgallmenningen, ein uteliggjar strekkjar ut lua, berre for å finne ut at eg ikkje har småpengar. Eit ungt par kyssar kvarandre farvel, ein gamal mann klamrar seg til stokken sin, vatnet i Vågen er klart som ein spegel og lufta er kald, sjølv om den står stille.
Det er noko vakkert med hausten. Noko melankolsk, nostalgisk og halvmørkt, men like fullt vakkert. Det skal ikkje vere vinter for alltid, den kjem berre på besøk, og så er vi attpåtil så heldige at sola viser seg nokre veker for oss godt utpå hausten. Om den ikkje varmar så godt, så gjer den i alle fall dagane lysare.
Av og til er det godt å vere åleine, både ute blant menneskja i byen og på ein fjelltopp utan eit menneskje i mils omkrets. Andre gongar er det betre å vere saman med nokon. Saman er ein mindre åleine.

fredag 9. oktober 2009
Babyboom
Eg er på Valderøya ein tur. Eg nyt dei korte dagane eg får vere her i den friske (og kalde) lufta. Snøen har allereie lagt seg over Sunnmørsalpane, og dannar eit nydeleg panorama i horisonten. Starta dagen med ein liten fjelltur - det er vakkert her, sjølv i sludd og regn.
I dag fekk eg vite at ei venninne av meg er gravid i fjerde månad. Ganske mange av øyingane frå min generasjon er etter kvart småbornsforeldre.
På søndag skal eg vere klokkar/kyrkjetenar i barnedåpen til andre ungen til søskenbarnet mitt.
Merkjeleg, er det ikkje, desse små skapningane som tilsynelatande veks fram av seg sjølve, som plutseleg er eit sjølvstendig, levande vesen etter å ha vokse inne i ein annan kropp? Og så å kunne sjå likskapane til kvar av foreldra, samstundes som den velse er ein eigen unik person. Ein ny kombinasjon av DNA som aldri har vore laga før. Stilig.

tirsdag 22. september 2009
Lillefingeren
Eg vil berre seie at Dagfinn Lyngbø tek FEIL.
Han påstår her at lillefingeren ikkje kan brukast til noko. (Resten har eg ikkje tenkt å kommentere.)
Eg skal love deg, etter ein dag med uteklatring der alle dei andre fingrane har fått kjørt seg hardt, og senene er så såre at det er vondt å klemme på ei tannkremtube - då er min lett kroka lillefinger god å ha, til ja, - nettopp å bere handleposar som dei andre fingrane er for slitne til å klare.

søndag 13. september 2009
The problem of batkind
Eg skulle kanskje kommentert valet. Jaudå, val er viktig, men den kombinasjonen av parti eg kunne sett for meg kjem uansett ikkje til å bli store nok til å danne ei regjering. Ytterpunkt dreg gjerne stemmer. Folk liker sterke meininger.
Eg har forelska meg i ein undergrunnskunstnar her i Bergen. Han (eller ho) tagger flaggermus. Eg har sett dei att fleire stader no, men desse to steinane utanfor Grieghallen var den første "teikneserien" av denne typen eg fekk auge på. Nokon som har sett noko tilsvarande nokon gong?

Kanskje desse skulle hatt mandat på Stortinget?

søndag 6. september 2009
Bergenshallen og ei persisk azeri-overrasking
I dag har eg stått på skøyter med utvekslingsstudentar i tre timar via BuddyBergen-programmet. (Er støl i låra!) Etterpå vart eg og årets "buddy" frå Hong Kong med fjorårets "buddy" heim på hybelen og spiste persisk mat. Det var kjempegodt! Og ikkje nok med det, han er halvt persisk-aserbajdsjaner og snakkar flytande azeri!
Ein kulturelt rikare ettermiddag kan eg ikkje hugse å ha hatt, vi vart sitjande over ein kopp te og midtaustensnop med persisk musikk til i eit par timar, og utveksla språklege og kulturelle kunnskapar. Alt frå gravferdsskikkar i Aserbajdsjan frå tonem i kantonesisk og norske dialekter vart tekne opp.
Ellers var det slektstreff hjå tanta mi med fire generasjonar på besøk i går, den yngste gjesten var knapt seks veker gamal.
Litt slabberas og spelekveld med sunnmøringar og andre vestlendingar på fredag var heller ikkje å forakte, så eg må innrømme at eg har hatt ei bra helg.
Ikkje regna det i går heller!

Abonner på:
Innlegg (Atom)